| HEIM | GÅVER/SUVENIR/SMYKKE | SAGA SOGNEFJORD | NORNES

Øvre Haugane, Nornes, Sogndal k.

540,- NOK INKL MVA

5,2 cm høg. Bronse. Lykelring, folkevandringstid.

Kjøp eit stykke soge på e-post: post@arkeoreplika.no, eller ved eit utsal.

Ringen er ein 1:1 replika av ein lykelring frå Nornes, Sogndal k. Folkevandringstida (400-570 etter Kristi føding) var ei tid med vekst og ekspansjon, langs Sognefjorden som elles på Vestlandet. Særskilt viser dette seg i særs rike kvinnegraver i Indre Sogn. Desse kvinnene har draktsmykke i bronse, sylv og gull, med særeigne drag i form og ornament - som arkeologar kallar "Sognegruppa". Dette inneber at her fanst høgt kvalifiserte modellmakarar og metallstøyparar langs fjorden - truleg knytte til særskilt rike hushaldningar på dei største gardane.

Nornes er truleg mest kjend for å ha eit moderne minnesmerke til minne om slaget ved Fimreite i 1184. Her på fastlandssida av det tronge sundet inn til Sogndal fanst ei mengd gravminne, mange av dei med bautasteinar. Høgare oppe i bakken, på Øvste Haugane på Klokkargarden, låg tidlegare ei røys i ein bratt sørvend bakke. I denne fann arkeolog Johs. Bøe ei hellekiste med ei rik kvinnegrav i 1946. Gravfunnet er frå folkevandringstid og inneheldt mellom anna relieffspenne i forgylt bronse, tre mindre bronsspenner, to sett hektespenner med bronseknappar, belte- eller lykelringen, jernlykel, kniv, vevskei av jern med bronsebeslag, spinnehjul av keramikk og keramikkar.

 

Arkeoreplika sin rekonstruksjon av kvinnedrakt frå folkevandringstid, med krossforma bronsespenner frå Sogn og Hordaland.

 

Kvinna på Nornes hadde liknande "mansjettknappar" som på drakta til høgre. Arkeoreplika sin rekonstruksjon av mannsdrakt frå folkevandringstid.

 

Key ring from the Migration period (400-570 A.D.), based on an original finding from a burial at Nornes in Sogndal kommune. The Saga Sognefjord series is made from bronze in the traditional lost wax technique in our foundry in Hyllestad.

Schlüsselring aus der Völkerwanderungszeit (400-570 n.Chr.) nach einem Orginalfund aus einem grab auf Nornes, in der Sogndal Kommune.Der Serie Saga Sognefjord wird aus Bronze in der traditionelle Technik des verlorenen Wachses, in unsere Gießereiwerkstatt in Hyllestad hergestellt.

 

 

 

Kopien er støypt i massiv bronse, med tapt-voks teknikk (cire perdue). Dette er ein 6000 år gammal metode der ein voksmodell av den ferdige gjenstanden vert pakka inn i ei eldfast leireblanding. Når denne forma vert varma opp, smeltar voksmodellen og renn ut, og holrommet kan fyllast med flytande bronse. Bronse vart også støypt i klebersteinsformer.

SJÅ ARKEOREPLIKA STØYPER BRONSE PÅ YOU TUBE

Korleis levde kvinnene på Nornes og i Sogndal på 500-talet? Korleis såg dei ut? Kva makt hadde dei? Kjøp eit stykke av soga på post@arkeoreplika eller vitje eit utsal (her) - og spekuler sjølv!